Tobias Santelmann har trekt seg frå «The White Lotus»
Skodespelar Tobias Santelmann skal ikkje lenger vera med i HBO-serien «The White Lotus».
Det melder VG.
30. mars meldte Warner Bros. Discovery at Santelmann sto på rollelista i den fjerde sesongen av den populære HBO-serien.
Santelmann sitt agentur seier til VG at han ikkje lenger kunne delta fordi det krasja med andre oppdrag.
– Han er stor fan av serien, men akkurat no er det berre ikkje mogleg å få til, seier Annika Witkowska i Salomonsson agency til avisa i ein e-post.
Frå før av har skodespelar Helena Bonham Carter òg trekt seg frå den same produksjonen.