Tre personar dømd for sølvmynttjuveri
Tre personar er dømd til fengsel for grov kvitvasking av sølvmyntar, skriv Økokrim i ei pressemelding.
66.860 amerikanske sølvmyntar blei funne ved ei tilfeldigheit då politiet rykka ut til vinglete køyring i Bærum i april i fjor.
Myntane er verdt minst 25 millionar kroner.
Økokrim hadde samarbeida med amerikanske myndigheiter om å finne myntane sidan 2018.
– Det er gledeleg at sølvet kom til rette og at dommen no har falle, slik at dei fornærma i saka i USA kan få ført tilbake verdiane dei har blitt svindla for, seier påtaleansvarleg i saka, statsadvokat Jon André Hvoslef-Eide.