DNB-kundar har problem med nettbanken
DNB-kundar har måndag problem med å komme inn på enkelte digitale tenester
Det stadfestar kommunikasjonsrådgjevar Øivind Skorve i DNB til NRK.
– Det er nokre kundar som har problem med å komme inn på nettbanken og mobilbanken. Vi jobbar med å rette feilen. Kortbetaling skal fungere som normalt, seier han.
Det er uvisst kor mange kundar som er ramma av problema.
Også Vipps melder at enkelte av brukarane kan ha problem med kortbetalingar i appen, og at dei jobbar med saka.